Instedalen skianlegg
Instedalen i Naustdal er eit unikt område for ski og andre vinter- og snøaktivitetar. Her er område for skileik.
Her kan du gå lysløype, turløype og på topptur.
Skileikanlegg
skogsløyper
Hoppbakkar
lysløype
Våre tjenester
Her er skileikanlegg med hoppbakkar, rennebakkar, kuleløyper og ei kort lysløype.
Har klubbhus med toalett, varmestove og lager/smørebu. Arbeider med å utvide
Løypa er om lag 4 km lang med plass for både å skøyte og gå klassisk. Vert preparert til kvar ettermiddag og kveld og i helg.
Vi brøyter veg og parkering ved Vonavatnet og preparert løype inn til Vonavatnet til kvar helg.
Eit årskort kostar 600 kr og eit dag- og døgnkort 70 kr. Betalt med vipps 11205 eller bankkonto 3705 25 36902
Om oss
Instedalen skianlegg AS er eit ideelt føretak med Tambarskjelvar IL og Instedalen krins (grendalag) som eigarar. Vi driftar og utviklar eit skileikanlegg med hoppbakkar, kuleløyper, skogsløyper og lysløype. Vi driftar ein parkeringsplass i tilknyting til anlegget og vi brøyter veg og parkering ved Vonavegen og løype inn til Vonavatnet. Vi køyrer skuterløype innover i landskapsvernområde ein gong i veka frå 1.januar til 1.april. Lysløype og skileikanlegg vert preparert med traktor og skjeldalfres ,eller med skuter, trommel og sporsettar.
Ved skileikanlegget har vi klubbhus med toalett, varmestove og lager. Det er gratis utlån av både ski, stavar og sko!
Midt i lysløypa har vi bygd ei lita hytte/gapahuk med grue der det er mogleg å overnatte.
Det er stor aktivitet i skileikanlegg og løyper gjennom heile vinteren. Her er skiskule kvar måndag. Her er karusellrenn og her er kom-deg-ut-dagar. Her er vinterferieveke (veke 8) med uteaktivitetar kvar dag. For å finansiere drift og utbygging har vi betalingsordning.
Vinterveka 2025
Med fleire plussgrader, regn og vind den siste laurdagen i januar er eg i tvil om me skal invitere til den tradisjonelle Vinterveka for born og unge i vinterferieveka, 17. til 21.februar, måndag til fredag. Men me kan ikkje miste trua på at det kan bli litt sno og vinter att. Så me inviterer – og så får meg sjå kor mange som melder seg. Frist for å melde seg er neste søndag, den 2.februar til 93237073. Skriv namn, fødselsår og tal dagar ein vil vere med. Det er ikkje bindande påmelding. Påmeldingsavgift 200 kr vert ikkje kravd inn før etter veka! Så seier vi tvi, tvi for at det vert sno og skiføre i veke 8!
Skisesongen er i gang!
Åsmunds skiskule startar opp måndag 6.januar kl.18.00. Skiskulen er skileik for alle frå 3-4 år og oppover! Vi går på ski på flata og i bakkane. Vi renner i kular og staup, køyrer utfor og slalåm – og hoppar.
Velkommen til alle. Skiskulen er gratis! Meld i frå om de kjem til til Åsmund Berthelsen – 93237073
Skiskulen er eit samarbeid mellom barneidettsgruppa, Instedalen skianlegg og Åsmund Berthelsen.
Skirenn utover vinteren
Skirenna startar opp onsdag den 8.januar kl. 18.00. Påmelding skjer til http://isonen.no eller som melding til Åsmund Berthelsen 93237073. Skriv på fødselsår og mobilnummer!
Her er oversikten på skirenna og andre arrangement i skianlegget i vinter. Og så håpar vi det vert passeleg med snø og kalde grader ei god stund framover.
Oppdatert informasjon finn du her: https://www.facebook.com/groups/128707003909167
Betalingsordning
For å køyre løyper og brøyte veg og parkeringsplass ved Vonavegen har vi ei betalingsordning, årskort eller dag-og døgnkort. Båe korta er knytt til bil. Årskort og dag/døgnkort gjeld pr. bil. Og ikkje pr. person.
Årskortet kostar no 700 kr for heile 2025 og gjeld både i skianlegget og ved Vonavegen! Dag- og døgnkortet kostar 80 kr og gjeld eit heilt døgn. Det gjeld berre på ein av plassane.
Betal med vipps – 11205 eller til bankkonto 3705.25.36902